Hardangervidda Marathon

Marathon (43,7 km, 1 540 hm) og halvmarathon (23 km, 1 000 hm) i fjellheimen på sjølvaste Hardangervidda. Heile løypa ligg i fjellterreng.  Ei variert og til tider teknisk krevjande løype krydrar opplevinga undervegs. Det er også lagt inn to heftige klatringar som vil ta både løparar og puls til nye høgder. Dette blir hardt og brutalt – og heilt nydeleg!

 

Liseth pensjonat er basen vår denne dagen. Der er dei kjende for sin trivlege atmosfære og sitt gode kjøkken så her vil ingen lide nød. Tracking av løparane blir vist på storskjerm. Xtremeidfjord sitt crew vil som vanleg trå til og gjere sitt ytterste for at du skal få ein uforgløymeleg dag i fjellet, både ute i løypa og i start/målområdet.

 

Beskrivelse av løypa

Første delen av løypa er felles for heil- og halvmaraton. 
Start frå parkeringsplassen på Høel, du spring på grusveg første 600 m før du kjem inn på stien og legg kursen mot Måbøgaldane. I himmelsynet ser du Høloklsa (1147 moh) og du kan berre begynne å glede deg for dette blir bokstaveleg talt ein heftig opptur! Etter knappe to km tar du av fra stien og føl merkinga opp mot toppen. Dette blir tungt, men du blir belønna med ein formidabel utsikt før merkinga viser deg vidare inn i eit nydeleg parti ut mot Hellefjell. Her føl du ein morenerygg med fin sti. Du får også partier utan sti, nokre av desse partia kan vere litt ulendte. Etter  10,5 km kjem du til Hjølmoberget og første matstasjon. Ta rikeleg for deg av serveringa for du har enda langt igjen. Vidare går turen langs turistløypa til Skisete. Dei som har sprunge Hardangervidda Marathon før vil kjenne seg igjen i dette området. Denne gongen spring du motsatt motsatt veg. Fra Skisete går løypa ned langs bekken til Feet.

 

Etter brua på Feet splittast løypene 

Halvmarathonløypa  – siste del
Du er snart i mål. Fortset opp vegen fra brua på Feet, så kryssar du RV7 og føl grusveg/lysløype til målgang på Liseth.

 

Marathonløypa – siste del
Er du påmeldt full distanse er du så heldig at du enda har eit godt stykke igjen når du er kome til Feet. Herfra føl du lysløypa vidare mot skisenteret på Maurseth. Partiet fra Feet til Maurseth har ca 4 km med grusveg. Du kryssar RV7 over ei gangbru. På Maurset ventar ny matstasjon og den kjem som bestillt, for no skal du ta fatt på klatreetappe nummer to. Gjer deg klar for Eidfjord sitt svar på Monsterbakken i Tour de Ski. Opp slalombakken er det grusveg første del til vasstårnet, derfra føl du  sti vidare opp til Grønenuten (1181 moh) ca 400 høgdemeter stigning. Vidare er det fin sti innover med utsyn rett på Hardangerjøkulen. Ver obs på stikryss ved Hallingspranget. Her skal du inn på den minst brukte stien som går ned til Kleivane i Isdalen.  Der venter crewet med drikke for å gi deg ein siste piff før sjarmøretappen inn mot mål. Fra Kleivane som er inst i Isdalen er det ca 3 km med grusveg før løypa tar av på stien mot Gryteskar. Siste del ned til målgang på Liseth er «rask» grusveg.