Dynafit Hardangervidda Marathon

Full og halv distanse i nydeleg fjellterreng

10. September 2022

Velkommen til Dynafit Hardangervidda Marathon! Dette er ikkje ein vanleg marathon der du spring på asfalt i ein flat løypeprofil. Her er det fjellvidder og store naturopplevingar som er stikkorda.  Du spring i fjellterreng i spektakulære omgivelsar på Hardangervidda. Undervegs får du, som ein liten ekstrabonus, to blytunge klatreetappar som garantert vil svi så det held. Dette blir hardt, brutalt og heilt nydeleg. Denne dagen får du brukt alt du har av krefter og på kjøpet får du ei naturoppleving du seint vil gløyme.

 

Marathon (43,4) og halvmarathon  (21,2 km) i fjellterreng.

Deltakarliste

Hardangervidda Marathon er eit tøft løp og forholda kan vere utfordrande. Les gjennom racemanualen før du bestemmer deg for påmelding. Me ser fram til å sjå deg i Eidfjord!