Om Xtremeidfjord

Xtremeidfjord er ei foreining som vert driven av frivillige som legg ned mange timar med dugnadsarbeid kvart år. Foreininga arrangerer i dag to løp som går på Hardangervidda, Dynafit Hardangerjøkulen Ultra og Dynafit Hardangervidda Marathon. For å kunne arrangere desse løpa vert det lagt ned ein stor dugnadsinnsats og crew på løpa består av om lag 100 personar.

Eidfjord er den perfekte plassen for ekstremløp. Xtremeidfjord ønskjer å tilby opplevingar til alle som søker utfordringar litt utanom det vanlege. Me liker alle former for aktivitet som får hjarte til å slå og ønskjer å skape arrangement til glede for dei som søker opplevingar i fantastisk natur.