Dynafit Hardangerjøkulen Ultra 95k

Dynafit Hardangerjøkulen Ultra er eit løp på 95 km som vil ta pusten frå deg. Start og målgang er på den flotte plassen Liseth Pensjonat & Hyttetun like ved Vøringsfossen i Eidfjord. Løypa tar deg rundt ein av Noregs vakraste isbrear, Hardangerjøkulen.

Det er ingen/dårleg mobildekning i løypa og det er lange avstandar mellom sjekkpunkta. Følgjande sjekkpunkt; Finse 38 km, Krækkja 62 km og Kjeldebu 75 km.

Ruta følgjer Den Norske Turistforeininga sitt rutenett heile vegen, unntatt siste stykke inn mot mål, der vil løypa vera merka med merkeband. Det vil ikkje vera noko form for merking i trase av km, vegkryss eller liknande. Løypa går i fjellterreng på sti, nokre enkle og veldig teknisk krevjande. Det kan også vera snødekke ein del av løypa. Ver merksam på at det er eit krevjande terreng med mange høgdemeter.

Det er tre sjekkpunkt i løypa, Finse etter 38 km, Krøkkja etter 62 km og Kjeldebu etter 77 km. Det vil i tillegg vera crew i Rembesdal, crew og matstasjon på Finse, crew og matstasjon på Krækkja og crew og matstasjon på Kjeldebu.

Me anbefaler på det sterkaste at alle deltakarar tar ein nøye kikk på heile ruta på detaljerte kart før de deltar i løpet.

Start-Finse – avstand 38 km

Den første delen går i teknisk krevjande terreng og kanskje den mest krevjande delen av heile løypa med mange høgdemeter å passere. Du spring på fine stiar, på ulendte stiar, på berg og i steinrøyser. Her får du absolutt alt du kan ønske deg av fjellterreng.

Når ein er på veg ned frå Ishaugsredet mot Skytjedalsvatnet kan ein ofte møte på skodde, ein møter også på løypa til Hardangervidda Marathon ved Svinatjørnane, denne må ein ikkje følgje. Etter det vert det bratt stigning opp Storhaugen og ein følgjer kantane på fjellsida ned mot Simadal. Stien tek ei vending ved Torkjelshøgda og slyngjer seg nedover til Rembesdalsdammen, stien kan vera vanskeleg å få auge på. Etter dammen følgjer ein anleggsveg nokre hundre meter, før ein på ny kjem inn på stien mot Rembesdalsseter. Her kjem det også eit stikryss mot Hallingskeid, her skal ein ikkje ta av.

Når du passerer crew på Rembesdalsseter bør du passe på å fylle vatn flaskene. Då venter eit lengre parti utan moglegheit for å fylle vatn. Løypa rundar rundt vatnet (de skal ikkje ned til Rembesdalsseter) og fortset opp ei steinur og vidare ein seig stigning opp svaberga til toppen av Lureggane. Ein kjem då inn i finare stiar. Det er snødekte områder i løypa og ver spesielt merksam på kantar på eventuelle snøfenner då kantane lett kan knekke.

Etter hengebrua over Ustekveikje passerer ein nokre hytter, før ein skal over det gamle jernbanesporet mot Finse – her entrar de Rallarvegen, og den skal følgjast dei siste kilometerane mot Finse, og sjekkpunktet på Finsehytta.

Løypa vil ta deg rundt Hardangerjøkulen og du vil kunne få panoramautsikt mot Hardangerfjorden. Stien er veldig krevjande så hold fokus.

Finse-Krækkja – avstand 24 km

Det er jamn stigning frå Finse og mot Krækkja det første stykket. Det er steinete terreng og noko småkupert. Løypa startar ut frå Finsehytta langs Rallarvegen nokre hundre meter, før ein tek vidare inn på sti over terskeldammen på austsida av Finsevatnet. Straks de er over, ta stien mot venstre mot Krækkja. Ved Hansebufloten delar stien seg, her er det viktig å følgje merking mot Krækkja og ikkje Kjeldebu. Det siste partiet langs vasskanten på Drageidfjorden er noko mindre steinete før Krækkja plutseleg dukkar opp bak ein haug i enden av vatnet.

page1image1474920912

Krækkja-Kjeldebu – avstand 15 km

Frå Krækkja til Kjeldebu er det fin springesti i slak nedoverbakke. Dette er den desidert enklaste og kortaste etappen. Løypa startar same vegen som ein kom ifrå, men ein tek raskt til venstre og vidare merking mot Kjeldebu. Løypa deler seg etter brua mellom Drageidfjorden og Storekrækkja, viktig at ein følgjer stien til høgre mot Kjeldebu (den venstre går ut til Halne og riksvegen), og vidare oppover Olavbuhæa. Straks ein kjem på toppen, så er det stort sett slakt nedover gjennom heile

Kjeldedalen med flott sti som er enkel å springe. Sjekkpunktet Kjeldebu er ikkje sjølve DNT-hytta, men ligg på nordsida av Fisketjørna.

Kjeldebu-mål – avstand 18 km

Den siste delen av løypa ligg foran deg. Det er lengre til mål enn ein trur. Kanskje kjem mørket på deg og du må ta fram hovudlykt. Løypa følgjer slakt nedover langs vassdraget Kjeldo. Ein kryssar elva Leiro før ein startar ein bratt og seig oppoverstigning opp Storaberget. Her er ein i ei kort stund nede i tregrensa igjen. Oppstigninga slakkar ut etter den brattaste delen opp Storaberget og stien slyngjer seg innover høgdedraget til ein kjem til Hallingspranget. Her er det fleire stiar som kryssar, men ein skal følgje skilting mot Liseth. Når ein passerer forbi Gryteskaret vil ein kome ned i merka løype inn mot mål.

Course description: Dynafit Hardangerjøkulen Ultra

Dynafit Hardangerjøkulen 34k

For deg som synes 95 km er litt i drøyaste laget har Xtremeidfjord gleda av å tilby ei kortare løype.

Etter at me har sendt ultraløparane avgårde inn i fjellheimen gjer me klar til Dynafit Hardangerjøkulen 34 km med start kl 11:00 ved Liseth Pensjonat & Hyttetun. Som på ultraløpet må deltakarane her navigere langs DNT sine stiar ved hjelp av GPS. Løypa er ikkje merka av arrangøren og det er ingen kontrollposter undervegs. Det er difor ein føresetnad at du veit du behersker GPS og har med alt nødvendig utstyr du treng i sekken.

Traseen er den same som HJU dei første kilometrane. På høgda før Rembesdalsvatnet skil løypene lag. 34 km sløyfa tar av mot Skykkjedalsfjellet, rundar tilbake mot Leirhalsen og endar opp på Liseth etter 34 km. Løypa er variert og til tider krevjande, og du spring i fjellterreng heile vegen. Når du kjem i mål på Liseth vil du få eit hjertelig gjensyn med vårt crew som vil vera på plass heile dagen (og utover natta) for å ta i mot slitne, skitne og lykkelige løparar.

Liseth Pensjonat & Hyttetun er vår base for helga og her vert det triveleg atmosfære med bålpanne, muligheit for eit varmt måltid og sjølvsagt utveksling av gode røvarhistoriar frå livet i løypa. På storskjerm kan du følge med korleis det går med løparane som framleis er ute og «koser» seg i terrenget.

Me i Xtremeidfjord ønskjer deg velkomen til fjells og vil legga oss skikkelig i selen for at dette skal verta ein bra dag du hugsar for resten av ditt liv!

Course description: Dynafit Hardangerjøkulen 34k

Reserveløype Dynafit Hardangerjøkulen Ultra 100k

Løpet startar ut frå Liseth Pensjonat og Hyttetun, og følgjer grusveg slakt oppover før ein kjem inn på sti langs elva Isdølo. Stien tek av frå elva, og ein spring mellom hyttene ved Gryteskarsete før ein startar oppstigninga på ca. 400 hm mot Grytehorga.

Vidare følgjer ein stien nedover mot toppen av skitrekket 2 km frå Grytehorga, før ein svingar av og tek oppover ca. 200 hm mot toppen av Grønenuten. Etter Grønenuten kjem det eit stikryss, og her følgjer ein DNT-merka sti mot Kjeldebu. På vegen spring ein forbi eit stikryss ved Hallingspranget, og etterkvart kjem ein inn i ei bratt nedstigning ned til Sysenvatnet. Ein spring over bru ved elva Leiro, før det går slakt oppover igjen frå Sysenvatnet langs elva Kjeldo. Rett før Kjeldebu skal ein over ei hengebru. Ein passerer Kjeldebu ved ca. 22 km.

Løypa vidare følgjer framleis DNT-merka sti, og gjeng slakt oppover Kjeldedalen og over Olavsbuhæa ned til turisthytta Krækkja. Det er fin flytsti oppover Kjeldedalen. Rett før brua over utosen til Drageidfjorden er det eit stikryss, her skal ein over brua i retning Krækkja. Frå Krækkja til Fagerheim fjellstove følgjer ein stien på nordsida av vatnet Storekrækkja.

Ut frå Fagerheim fjellstove passerar ein 42 km, og løypa går gjennom tunet og ned ein sti til hovudvegen, Rv. 7. Ein følgjer utsida av vegen og over ei provisorisk bru ved elva. Ein passerar eit båtnaust kort tid etterpå, og løypa kjem inn på sti igjen, og følgjer sørsida av vatnet Storekrækkja. I enden av vatnet kjem ein på ny inn i stikrysset ved utosen av Drageidfjorden, denne gongen skal ein i retning Halne.

Litt småkupert terreng gjennom Halnebotnane, før ein ser Rv. 7 på nytt. Ein spring rett ned til hovudvegen, utan å vera innom Halne fjellstova. Stien er DNT-merka, så det er tydeleg kva retning ein skal for å kryssa hovudvegen. Vegkrysset vil vera bemanna med vakter.

Ein følgjer no sti i retning Bjoreidalen. Stort sett fin flytsti, i slakt og bølgete terreng. I enden av Loftstovedalen ved ca. 60 km ser ein ned på dalføret Bjoreidalen som breier seg gjennom landskapet. Jamn og fin nedstigning til Bjoreidalshytta, krysser over grusvei og inn att på stien. Ein følgjer så langs ei elv til ein kjem til eit stølsområde kalla Nybu. Viktig å presisera at ein ikkje skal kryssa over elva, i staden slynger løypa seg opp i sida nordover mot Nybunuten. Det vert no ein kort motbakke før ein ser bort til hyttene på Dyranut.

Ved Dyranut skal eg kryssa hovudvegen på nytt. Det vil vera vaktar som hjelper deg over vegen. Ein følgjer no DNT-merka sti over til Kjeldebu, og dette strekket er på rett i underkant av 10 km med hovudsakeleg slak nedstigning og fin sti.

Etter Kjeldebu spring ein i same løype som i starten av løpet heilt til målgong.

Reserveløype Dynafit Hardangerjøkulen 35k

Løpet startar ut frå Liseth Pensjonat og Hyttetun, og følgjer grusveg slakt oppover før ein kjem inn på sti langs elva Isdølo. Stien tek av frå elva, og ein spring mellom hyttene ved Gryteskarsete før ein startar oppstigninga opp Gryteskaret og vidare mot Sysenvatnet. Løypa følgjer DNT-merka sti, og det er nokre stikryss på veg mot Kjeldebu som det er viktig at ein følgjer med i.

Etter passering av stikrysset ved Hallingspranget, følgjer løypa langs ryggen av Storaberget, før ein slepper seg ned mot innosen til Sysenvatnet. Ein spring over bru ved elva Leiro før det går oppover langs elva Kjeldo. Rett før Kjeldebu er det ei hengebru som ein skal over. Ved Kjeldebu er det vending, og ein spring same løype tilbake til mål.

                      Course description reserve trail: Dynafit Hardangerjøkulen Ultra reserve trail