Xtremeidfjord
Xtremeidfjord arrangerer Dynafit Hardangervidda Marathon og Dynafit Hardangerjøkulen Ultra.
Inst i Hardangerfjorden med Hardangervidda som næraste nabo ligg den idylliske bygda Eidfjord. Ei lita bygd, kjend for å levere store opplevingar. Velkommen til oss!
EIDFJORD ER DEN PERKEKTE PLASSEN FOR UTHALDANDE AKTIVITETAR I FLOTT NATUR
Lite kan måle seg med meistringskjensla av å verkeleg overgå seg sjølv. Her får du muligheten servert på sølvfat. Xtremeidfjord ønskjer å vere eit førstevalg for deg som kjenner at fjellet lokkar og som søker utfordringar av den litt lengre og røffare sorten. Omgivelsane i området kan ta pusten fra dei fleste og betre leikegrind må du leite lenge etter. Xtremeidfjord bruker naturen med stor respekt og dette har fokus i alt me foretar oss som arrangør.
Like unik som naturen er crewet vårt. Desse fantastiske folka som år etter år bruker av fritida si for å legge til rette for at du skal kunne få ei ekstraordinær oppleving. Drivkrafta deira kjem fra gleda ved å følge fornøgde deltakarar som oppnår målet sitt, og stoltheten av å vere ein del av dette. Crewet i Xtremeidfjord brenn for det dei gjer, og du kan stole på at hjerteligheten du møter er ekte og oppriktig. Dette er dugnad på sitt beste og gir ein ekstra dimensjon til arrangementa våre.
DYNAFIT HARDANGERVIDDA MARATHON 31. AUGUST 2024
Marathon og halv marathon på Hardangervidda.
Du spring i variert fjellterreng gjennom nokre av dei flottaste områda me har å by på. Løypa har både teknisk krevjande parti og fine raske stiar. Eit entusiastisk crew vil heie deg fram, og det kan du trenge. Kjekke som me er har me nemleg lagt inn to heftige klatreetappar undervegs. Alt ligg til rette for ein uforgløymeleg dag i fjellheimen!
DYNAFIT HARDANGERJØKULEN ULTRA 13. JULI 2024
Dynafit Hardangerjøkulen Ultra er eit løp som går rundt ein av Noregs vakreste isbreer Hardangerjøkulen, løypa er 95 km.
Me tilbyr også ei kortare løype på 34km som følgjer deler av den same traséen som 95km løypa.
Begge løypene går i fjellterreng med fantastisk natur på Hardangervidda. Løpa har start og målgang ved Liseth Pensjonat & Hyttetun.
Nytt i 2023 er ei reserveløype i tilfelle forholda i fjellet gjer det umuleg å benytte hovudløypa.