Løypebeskrivelse 34k

For deg som synes 95 km er litt i drøyaste laget har Xtremeidfjord gleda av å tilby eit nytt løp i 2020.

Etter at me har sendt ultraløparane avgårde inn i fjellheimen gjer me klar til tidenes første Dynafit Hardangerjøkulen 34 km med start kl 11:00 ved Liseth Pensjonat & Hyttetun. Som på ultraløpet må deltakarane her navigere langs DNT sine stiar ved hjelp av GPS. Løypa er ikkje merka av arrangøren og det er ingen kontrollposter undervegs. Det er difor ein føresetnad at du veit du behersker GPS og har med alt nødvendig utstyr du treng i sekken.

Traseen er den same som HJU dei første kilometrane. På høgda før Rembesdalsvatnet skil løypene lag. 34 km sløyfa tar av mot Skykkjedalsfjellet, rundar tilbake mot Leirhalsen og endar opp på Liseth etter 34 km. Løypa er variert og til tider krevjande, og du spring i fjellterreng heile vegen. Når du kjem i mål på Liseth vil du få eit hjertelig gjensyn med vårt crew som vil vera på plass heile dagen (og utover natta) for å ta i mot slitne, skitne og lykkelige løparar.

Liseth Pensjonat & Hyttetun er vår base for helga og her vert det triveleg atmosfære med bålpanne, muligheit for eit varmt måltid og sjølvsagt utveksling av gode røvarhistoriar frå livet i løypa. På storskjerm kan du følge med korleis det går med løparane som framleis er ute og «koser» seg i terrenget.

Me i Xtremeidfjord ønskjer deg velkomen til fjells og vil legga oss skikkelig i selen for at dette skal verta ein bra dag du hugsar for resten av ditt liv!

Course description HJ34

Løyperofil: